Orientering | Friidrett | Hovedstyret | Barneidrett

Fredrik nummer 6


Fredrik Amundgård vart til slutt nummer 6 i U23-EM i Kaunas, Litauen.

I kvalifiseringsrunden trong han berre to kast for å ta seg automatisk til finalerunden - med 58,47 meter. Årsbeste, personlig rekord og klubbrekord er 62,33 meter frå Lillehammer i juni.

I finalen hadde han serien 56,87 - 57,38 - 56,30 - x - x - x. Det heldt altså til ein sjetteplass. På pallen finn me følgjande resultat: gull på 60,80, sølv på 59,61 og bronse på 59,12. Her er resultatene. Men NB: det står diskos 1,75 kg, noko som er tull. Det må ha vore 2 kg.

Fredrik får ein ny sjanse på åldersbestemd nivå i U23-EM 2011. Han er òg aktuell for VM 2009, men lyt då betre sin eigen rekord noko.

Til Avisenes Nyhetsbyrå uttala han: "Jeg fikk aldri go’følelsen i dag, dessverre. Jeg hadde ikke den rette følelsen med diskosen rett og slett. Det er synd, for i kvaliken følte jeg at teknikken satt"

(25.07.2009)


!